Referat fra styremøtet 10. oktober 2017

Skype-møte
Kl. 14.00-14.45
Til stades: Lisbeth Morlandstø (leiar), Lin Prøitz, Marika Lüders, Anne Mette Bjørgen (fast vara for
Tine Eide t.o.m. mai 2018), Balder Holm (observatør, Nordicom) og Terje Skjerdal (ref).
Forfall: Magnus Hoem Iversen

1. Innkalling
Godkjend utan merknader.

2. Referat frå styremøte 12. september 2017
Godkjent utan merknader.

3. Orienteringar
 Innmeldingar: Fleire av innmeldingane i det siste er frå folk med doktorgrad. Positivt at laget
fangar opp førsteamanuensar som ikkje har vore medlemer tidlegare.
 Medieforskarkonferansen 2018: Justert tittel: «Det nye medielandskapet: Blindsoner og
mangfald». Dei fleste hovudinnleiarane har svart ja, avventar svar frå ein person. Blanding av
utanlandske og norske innleiarar. Styret støttar at norske innleiarar snakkar norsk. Høg pris for
administrasjon av påmeldingar; Berg-Hansen reisebyrå tek 350 kr per person.
Arrangementskomiteen sjekkar om det er andre som kan gjera det billegare. Informasjon om
stad og dato for konferansen bør koma på nettsida om ikkje altfor lenge.
 Søknader: RAM er søkt om støtte. Søknad til NFR vert sendt 11. oktober.
 Nettsida: Lin har snakka med Christine (studentassistent). Framleis problem med publisering av
referat (2016-17 har forsvunne). Medlemene av laget er skeptiske til å klikka på MailChimp-
lenkja (trur det er reklame). Lin tek kontakt med Kristoffer Eliassen (utviklar for
www.medieforskerlaget.no) og finn ut kor mykje det vil kosta å yta support for å ordna det som
ikkje fungerer.

4. Stipendutdeling medieforskarkonferansen 2018

Studentstipendet har nokså klare retningslinjer, og krev ein eigen komité. Lisbeth snakkar med Paul
Bjerke som var med sist.
I tillegg er det to prisar: formidlingsprisen og heidersprisen. Lisbeth høyrer med Paul om prosedyrar
for dette òg.

5. Gruppesesjonar til medieforskarkonferansen 2018

Me må få kartlagt kven som er nye leiarar av dei ulike gruppene. Terje prøver å finna ut av det.

6. Eventuelt

Ingen saker.

Neste møte: 7. nov 2017 kl. 14-15

Terje Skjerdal (ref)